Et tilfelle av tiaminmangel som besetningsproblem



Yüklə 10,64 Kb.
tarix05.03.2017
ölçüsü10,64 Kb.

Et tilfelle av tiaminmangel som besetningsproblem

Av: Marianne Vinje Kilvær, Stordyrpraktiserande veterinær i Tromsø


I slutten av januar i fjor vart eg tilkalt til ein bonde med ein sau han mistenkte hadde tiaminmangel. Han hadde tidligare på vinteren mista to sauer med samme symptom, og no var altså den tredje sjuk. Han hadde sjølv medisinert dei foregåande med B-vitamintablettar for humant bruk, samt Tribrissen-tablettar.

Den sjuke sauen låg for seg sjølv i ein binge, tett opp i eit hjørna med hovudet opp langs bingeskillet. Den kunne ikkje stå på beina no, men hadde klart det tidligare på dagen. Den verka heilt likegyldig til håndtering. Det var ingen teikn til sikling eller lammelsar i hovudet, og vombevegelsar og respirasjon var normalt. Den hadde ikkje hatt skeiv hovudhaldning eller kramper.

Sauen vart behandla med 500 mg tiamin iv, i dette var det oppløyst 3 g krystallinsk penicillin. Bonden fekk kjøpa ei halv flaske tiamin for eit par etterbehandlingar og i tilfelle det skulle bli fleire sjuke.

Eit par veker etter ringte han igjen. Problema fortsette, og det var nesten berre 1- og 2-åringar som vart ramma. Til no hadde han berga 5 sjuke sauer med tiaminflaska han fekk. Sauen eg behandla, for øvrig den einaste eldre, var også blitt bra igjen. No ville han gjera noko forebyggjande slik at han slapp å stadig få sjuke sauer.

I og med at behandling med tiamin fekk sauene friske att, heldt eg det for sannsynleg at det var tiaminmangel som var rett diagnose. Det var imidlertid vanskeleg å finna noko eintydig i litteraturen om at profylaktisk behandling med tiamin skulle hindra utbrot av sjukdom. Eg var litt i tvil om det kunne nytta med ei slags depotbehandling med eit vassløyseleg vitamin. Etter å ha sett gjennom diverse anvisningar til tiaminpulver på foret og injeksjon, endte eg til slutt opp med ei australsk bok der det tydeleg stod at injeksjon med 200 mg tiamin skulle gi beskyttelse i 4-6 veker. Eg tenkte som så at då kunne vi gå gjennom foring og miljø og kanskje få vekk ei underliggande årsak i mellomtida. Frå Helsetenesta for sau fekk eg vita at tiaminbehandling i eit liknande tilfelle hadde gitt god effekt. Etter å ha snakka med bonden om pulver, injeksjon og prisar, bestemte vi å sprøyta alle 1- og 2-åringar. Då var vi sikre på at alle fekk og kor mykje dei fekk.

No er det på tide å sei litt om besetning, foring og drift. Garden har i underkant av 100 vinterfora sauer og ligg nokre mil sørvest for Tromsø, på yttersida av ei øy med havet rett utfor. Mykje av snøen bles som regel vekk, og sauene kan gå ut heile vinteren, dvs inneforing, men tur ut om dagen. Vi gjekk gjennom foring og andre faktorar for kanskje å sjå ei årsak til problema som hadde oppstått i år.

Sjukdomsproblema hadde begynt ved juletider, og det var nesten berre eitt- og toåringar som vart ramma. Det hadde vore ein vaksen sau og, den eg var til.

Foringa består av surfor (plansilo), kraftfor, vanleg saltslikkestein til lamma, samt frukt, grønnsaker og brød. Frukt og brød hadde dei brukt i 2-3 år. Det vart ikkje gitt vitaminar/mineralar i tillegg. Seinhaustes og fram til juletider hadde dei fora med 2 år gammal silo av ”god” kvalitet, men hadde slutta med dette då sjukdomsproblema oppstod. Til forskjell frå tidlegare år hadde sauene ikkje kunna gå så mykje i fjæra denne vinteren, for det hadde vore så isete.

Pga plansiloen var slåtten frå dei ulike områda i såpass tynne lag at det vart ikkje fora med surfor frå ein enkelt plass særleg lenge av gongen. Det var ikkje bregner i slåttemarka.

Brødet og grønsakene stod i kasser i inngangspartiet. Brødet såg bra ut, men blant frukta var det ein del ganske råtne tomatar og appelsiner.

Dyras ernæringstilstand og lammas størrelse var ikkje så lett å bedømma slik å sjå til, for ingen var klipt og det var ein del blanding med villsau. Det var rikeleg med grovfor på forbrettet då eg var der midt på dagen. Det var mange bingar med ca 15 dyr i kvar. Eitt- og toåringane stod for seg sjølv. Etter som vi gjekk rundt i bingane og behandla, kunne eg kjenna at holdet var gjennomsnittleg til bra på denne aldersgruppa. Nokre var tynne, men dette kunne skilja seg etter kven som hadde tatt seg.

Vi behandla i alt ca 40 dyr. Etter gjennomgangen av foring og stell hadde eg ikkje inntrykk av at dette var mangelfullt på noko vis. Foring med 2 år gammal silo var han sjølv i ettertid klar over at ikkje var så lurt. Ein kunne vel ikkje sei eintydig at dette var årsak til problema, men at det kunne vera ei disponerande årsak var vi enige om. Samtidig hadde sauene ikkje fått gå i fjæra noko særleg, og uten at eg kjenner til næringsinnhaldet i tang, vil eg tru at det kan vera eit godt mineralsupplement.

Vi gjekk gjennom andre forebyggande tiltak, som å begynna å gi vitamin-/mineraltiskot, saltslikkestein med kobolt, samt å vera bevisst på å bruka frukt og brød berre som ”dessert” og variasjon i kosten. Først måtte dei ha fri tilgang på godt grovfor, som det allerede såg ut til at dei hadde, og tilstrekkeleg med kraftfor. I denne situasjonen syntes eg dei burde vera nøye med å kassera tydeleg råtten frukt.

Bonden var motivert og hadde forståelse for tiltaka som vart lagt fram.

Etter dette besøket høyrde vi ikkje om fleire sjuke sauer, og då eg snakka med bonden i haust fortalte han at sjukdomsproblemet hadde stoppa etter tiaminbehandlinga. Det har også gått bra så langt denne sesongen.



I fylgje Helsetenesta for sau er dette eit problem som kan oppstå år om anna uten at det ligg nokon klare årsaker bak. Av ein eller annan grunn ligg sauene akkurat og vippar, på grensa til å få symptom på tiaminmangel. Sjølv om tiamin er vassløyseleg, kan ein injeksjon hjelpa, for det er akkurat det som skal til for å få dei over kneika. Det hjalp i alle fall i dette tilfellet.
Yüklə 10,64 Kb.

Dostları ilə paylaş:




Verilənlər bazası müəlliflik hüququ ilə müdafiə olunur ©azkurs.org 2020
rəhbərliyinə müraciət

    Ana səhifə